Om oss

A B Rekneskap nyttar Uni Micro sine rekneskapsprogram med ulike digitale løysingar tilpassa den enkelte kunden for å sikre rask og effektiv deling av rekneskap med våre klientar. I tillegg nyttar me Duett økonomisystem som er spesielt tilpassa landbruksrekneskap. Me er elles tilknytta Vossaskyen som gjev oss trygg lagring av data. Me er medlem av Regnskap Norge.

Me har erfaring med kundar i mange ulike bransjar, mellom anna hotell, entreprenør, detaljhandel, lastebiltransport, eigedomsutleige, fagforeiningar, burettslag, tannlækjar, trafikkskule, bilutleige, landbruk og drosjenæring.

Om du treng rådgjeving innan økonomi, tradisjonell bilagsføring eller stifting av selskap/val av selskapsform – så kan me hjelpe deg. Me kan også bistå med rådgjeving med tanke på endring av selskapsform eller oppløysing av selskap.

Ta kontakt for ein hyggeleg prat, så kan me saman finne ut kva tenester akkurat du treng, og kva løysingar som er best for deg.

IMG_6314

Dagleg leiar og eigar, Bente Tveit Bakketun er autorisert rekneskapsførar.

Bente har 10 års erfaring frå revisjonsbransjen på Voss.
Denne bakgrunnen gjev ho eit unikt utgangspunkt for å hjelpa kundane med alt innan økonomi og rekneskap.

terje

Terje Tveit er autorisert rekneskapsførar utdanna landbruksøkonom med bachelor i revisjon. Han har lang erfaring som rekneskapsførar, siste 10 år frå Vekstra Hardanger og Voss.

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Bonangergata 6,
5701 Voss

Telefon: 905 26 429
Epost: post@ab-rekneskap.no

«Bente er faglig dyktig i tillegg har hun vilje og evne til å tenke nytt for å få til mer effektiv drift».

Tore Nyborg
Voss Kommunikasjon AS

«A B Rekneskap AS er ei solid bedrift med høg kompetanse innan eige fag, veldig serviceinnstilt, løysingsorientert, punktleg og presis, arbeidar ryddig, effektivt og er lett å samarbeida med.

Me er svært nøgd med arbeidet som Bente Tveit Bakketun har utført for AB Rekneskap AS. Eg vil sterkt anbefala AB Rekneskap AS til alle som treng ein påliteleg og seriøs rekneskapsførar»

Ivar Grønstøl
Slangeservice AS

kontakt

Legg igjen kontaktinformasjonen din så tek me kontakt med deg for ein hyggeleg og uforpliktande prat.